Holsåsen

Beliggenheten.

Holsåsen stølsgrend er genialt plassert frå naturen si side. Her er utsikt til noko av dei vakraste fjella du kan tenkje det, Hallingskarvet, Reineskarvet og Hemsedalsfjella og med Gaustatoppen i det fjerne. Det er kort veg til områder med mange ulike tilbod som på Geilo, Ål og Gol.

Fiskemoglegheitene finn du både på fjellet her og i Holsfjorden. Hyttetomtene ligg i anten i grensa mot høgfjellet eller like nedanfor, godt verna av bjørkeskog og med solgang frå tidleg morgon til seine kveld om sommaren. Du kan foreta lange eller korte sykkelturar, skiturar og gåturar

Holsåsenområdet ligg i Hol kommune midtveges mellom Bergen og Oslo. Området ligg på eller inntil eit høgfjellsplatå med Hallingskarvet og Reineskarvet som mektige naboar i sørvest og nord. Området er litt tilgjengleg med godt 3 timars køyring frå Oslo eller Bergen. Det er korte avstandar frå Holsåsen til Geilo, (15 min), til Ål (30 min) og til Hallingskarvet skisenter (20 min).

 

Holsåsen er eit roleg område der du kan nyte freden og roen midt i Skarvheimen

Vil du vite meir om beliggenheten til Holsåsen?