Holsåsen

Kvifor Holsåsen?

  • Tomter med utsyn mot Hallingskarvet og områda omkring.
  • Utbygging tilpassa området.
  • Høgfjellet som næraste nabo.
  • Ordna forhold med infrastruktur og andre tenester.
  • Skiterreng som er vanskeleg å finne maken til.
  • Godt preparerte løyper.
  • Omfattande stignett som er godt merka.
  • Mange kulturminner som er merka og har informasjonsskilt.
  • Kort avstand frå alpintilboda på Geilo, Ål og Hallingskarvet skisenter.
  • Solvendte tomter.
  • Høg standard - veg, vatn/avløp og breiband for den som ynskjer det
  • Skia på ved hyttedøra og rett ut i løypa eller stignettet

 

Unike tomter skryt alle av – kom hit så finn du dei. Maken til langrenssområde skal du leite lenger etter, skogs- og fjelløyper å velja mellom, og vil du stå alpint så er vegen kort til Hallingskarvet skisenter og Geilo.

Turmoglegheitene om sommaren frå vi også mange godord om. Mange kulturminner som er godt skilta, og turterreng med utsikt inn i Skarvheimen overalt.

 

Holsåsen stølsgrend.
Ved å koma til oss så kjem du til eit område som gjennom tidene har vore område med nesten 50 heimstølar og langstølar. Heimstølbeltet ligg i nedre kant av hytteområda, langstølbeltet ligg inne på snaufjellet. Framleis står mange stølshus slik dei har stått i eit par hundre år, andre stader er det att berre tufter, men enno finn du aktiv stølsdrift.

Alle gardar hadde minst 2 stølar der dyra var frå Jonsok til 2. helga i september.

Stølsdrift har det vore her i mange hundre år, og her er også minner om enno eldre aktivitet så som jernutvinning og produksjon av kol.

Velkommen til Holsåsen – 1000 meter over kvardagen.